Dialekttempen kom til verden i 1999 og har siden vokst til 250 ferdige plasser.
Det jobbes med og ferdiggjøre nye plasser hele tiden,
så har ikke din by eller bygd sin egen temp, så hører vi gjerne fra deg.
Dialekttempen er den perfekte gaven til den som har alt,
passer utmerket til hjemmet og på fritidsboligen.
Høyde: 33cm
bredde: 9cm
Kommer i gave-eske m/skruer for montering.
Hyggelig info:
Stasjonsbygningen på Evje
I 66 år, frå 1896 til 1962, gjekk det jernbane gjennom dalføret vårt – frå Kristiansand til Byglandsfjord. I kommunen vår hadde me stasjonar, og stasjonsbygningar, på Evje, på Hornnes og på Moisund. Moisund var forresten eit namn som kom med banen. Garden stasjonen låg på, heiter Moi. På biletet ser me stasjonsbygningen på Evje slik han såg ut då han var nyreist. Stasjonsbygningane på Setesdalsbanen var alle teikna av den kjende arkitekten Paul Armin Due. Det blir sagt at arkitekt Due var påverka og inspirert av stabbura i dalen, og stasjonsbygningane blei reist i nasjonalromantisk tømmerstil utan panel. Dei var vakre å sjå, og mange vil nok i dag meine det var uklok handling å rive stasjonsbygningen på Evje. Rundt denne bygningen var det at det som nå er Evje sentrum, vaks fram. Og mangt og mykje hadde denne bygningen sett og opplevt i dei åra han fekk lov å stå.
#gradestokk
Kommentarer